Vi skal gjere det!
Omtale
I eit barns fantasi er ingenting umogleg. Sjølv om mor og far seier at menneska ikkje kan lære seg flygekunsten, har storesyster bestemt seg: Ho skal greie det! Om ikkje sjølv, så skal veslebror til pers, han er mindre oglettare. Som sagt så gjort. Tross mange førebuingar, er ikkje veslebror heilt ut viljug til å prøve. Først då storesyster lokkar med at ho skal lærehan å meistre lesekunsten hoppar veslebror. Og så ender det heilt gale - veslebror vert liggjande urørleg på bakken, brått vert storesyster klar overkva ho har gjort, og draumane hennar om ein flygande bror er knuste. No ventar andre og viktigare oppgåver, som det å lære lillebror å gå att. Eit alvorleg tema er her behandla på ein fullt ut truverdig måte. Forfattaren får godt fram kor grenselaus barns fantasi kan vera.Forteljinga er illustrert med svart/kvite teikningar i ein heilt enkel, naiv strek. Vi finnogså eit par skisser av vitskapsmannen og målaren Leonardo Da Vinci. ISBN 8252140874 Selv om storesøster vet det er umulig for mennesker å fly lokker hun lille- bror til å prøve. Lillebror blir liggende urørlig på bakken.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252140873
- EAN: 82-521-4087-4
- Utgivelsesår: 1993
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Eriksen, Helga Gunerius, Wille, Anne Knutsdatter
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Bildebøker
- Omfang/format: 28 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 6-9, 9-11
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 28