Vestmannalagsreisaren og målreisaren Henrik Krohn 1826-1879 : bergensar og sogndøl, bladmann og diktar, fyrstikkmakar, hagemann, kulturbyggjar
Omtale
Henrik Krohn (1826 ? 1879) er grunnleggjaren av det eldste mållaget i landet. Han skipa Vestmannalaget i 1868 og var fyrste formann. Han vart i si tid hovdingen for målreising og nasjonalt arbeid på Vestlandet og vidare utetter. Han var fødd i Bergen, og i skilsetjande barndomsdagar budde han på Stend, der han fekk livsvarande kjærleik til bondefolket. Sidan dreiv han handel i Bergen, til han i eit av kriseåra laut leggja ned handelen. Så vart han fyrstikkfabrikant og fruktbonde på Stedje i Sogndal. Men hovudgjerninga i livet var gjenreisinga av eit norsk skriftmål på norrøn grunn og etter Ivar Aasens mønster. Krohn dreiv ?Ferdamannen", fyrste målbladet i landet etter "Dølen". Sidan var han mannen bak "Fraa By og Bygd?, den stolte og einslege målskrifta som kom samanhangande gjenom heile 1870 ? talet. Krohn var skald, og gav m.a. ut ei diktsamling, forteljande diktbøker, ferdaskildringar, soger og eit skodespel. I 2002 kom nyutgåva av ferdaskildringa hans "Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland". Dette er fyrste livsskildringa av Henrik Krohn i bok. Har kjelde ? og namneregister.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788278340233
- EAN: 82-7834-023-4
- Utgivelsesår: 2002
- Forlag: Norsk Bokreidingslag
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Krokvik, Jostein
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Vestmannalaget, Krohn, Henrik
- Omfang/format: 247 s.
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 247