USAs politiske historie
Omtale
Boka gir eit oversyn over USAs politiske historie frå sjølvstendeerklæringa i 1776 og fram til presidentperioden til Joe Biden. Sentrale tema i framstillinga fram til 1900 er utviklinga av folkestyre og politiske institusjonar, borgarkrigen, vestleg ekspansjon og politiske utfordringar skapt av industrialisering og innvandring. På 1900-talet handlar det om framveksten av ei sterk føderal makt, spesielt presidentmakta, USAs leiande rolle i internasjonal politikk og demokratiutviklinga. Ei sentral problemstilling er korleis USA vart den mektigaste stormakta på 1900-talet, og kva for følger det har hatt for amerikansk politikk. Boka avsluttar med eit innblikk i amerikansk politikk etter den kalde krigen, som i aukande grad har vore prega av indre politisk polarisering og utanrikspolitisk motbør. UTSYN & INNSIKT er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788234012846
- EAN: 978-82-340-1284-6
- Utgivelsesdato: 10.10.2024
- Utgivelsesår: 2024
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Heftet
- Serie: Utsyn & innsikt
- Språk: Nynorsk
- Personer: Godbolt, James
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Politikk, USA, historie
- Omfang/format: 204 sider
- Målgruppe: Voksne
- Originaltittel: USAs politiske historie
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 204