Tvillingbror
Omtale
Eg-personen i denne biletboka har ein altfor snill tvillingbror. Problemet er at dei har ei litt for fast rolledeling: ho vert "tvinga" til å gjera altdet gale, medan han mest alltid kjem ut på den rette sida og får ros og klemmar. Men ein dag det går heilt gale i snøen, og ho må sy to sting i panna, syner han seg vera ein god tvillingbror likevel! Dzakins bilete tilden gode teksten er i eit uvanleg, naivt, dekorativt formspråk med innslag av realistisk fotocollage. Ei bok til å sjå meir i etter kvart. ISBN 8252145221 Jenta som fortel i denne boka har ein tvillingbror. Han er altfor snill synest ho, irriterande snill. Ho er vill og bråkete og får alltid skjenn, medan han er flink og skikkeleg og får berre ros. Det er ikkje greitt for nokon av dei! Med denne boka vann forfattaren Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok. Illustrert av Akin Düzakin. Kvartformat 21,5 cm x 27 cm.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252145229
- EAN: 82-521-4522-1
- Utgivelsesår: 1995
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Austrem, Liv Marie, Düzakin, Akin
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Bildebøker
- Omfang/format: 27 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 6-9, 9-11
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 2
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 0