Trekkje seg attende, snøstrimestilt
Omtale
Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre? Trekkje seg attende, snøstrimestilt er den fjerde boka i den kritikarroste krinsen om sauebonden og dei tre kjærleikane: Gud, sauene og mannen. Her møter vi ein forfattar som går seg sjølv nærare etter i saumane enn tidlegare. Boka er eit reflekterande oppgjer med trongen vår til å halde fast ved det gamle og vonde, i brytning med det gode. Kva vel vi å hugse, og korleis konstruerer vi vår eiga historie? Dette er ei lyrisk samling prosatekstar, fortalt med stor kraft og sakrale overtonar. Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han er pensjonist og bonde, har heile yrkeslivet arbeidd som byråkrat, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med Finna kyrkjedøra i meg (2018), og har sidan gjeve ut bøkene Å bera nakne nyklar (2019) og Og prosjekta skal bleikne (2020).
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788294055029
- EAN: 978-82-94055-02-9
- Utgivelsesdato: 15.04.2024
- Utgivelsesår: 2024
- Forlag: Måken Forlag
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Genberg, Per Helge
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Fortellinger
- Emne: Arbeidsliv, Bygdesamfunn, Genberg, Per Helge
- Sjanger: Biografiske fortellinger, Oppvekst
- Omfang/format: 68 sider
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 68