Steinar Foten og Vekkarmannen
Omtale
Morfar fortel ei historie til søskena Ivar og Stine. Den handlar om Steinar Foten som bur saman med mor si og søstera Åshild. Åshild lever i si eiga verd, og ho torer ikkje å gå ut av huset enda ho er 15 år. Ei natt hamnar Steinar i den same underlege draumeverda. Det syner seg at Åshild sit fast i ein merkeleg skog. Steinar må få tak i Vekkarmannen, den einaste som kan hjelpe dei. Dette er ei historie om å drøyme og flytte på seg i det umedvitne. Morfar si forteljing blir vegen til undring og oppleving saman med Ivar og Stine og gjennom dette får óg lesaren del i teksten. Boka er stramt komponert og har korte tekstar på kvar side og ein tekst som inneheld mange replikkar. Hilde Kramer sine svart-kvite-illustrasjonar er med på å underbyggje den spesielle stemninga. Samlaget, 2002.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252160444
- EAN: 82-521-6044-1
- Utgivelsesår: 2002
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Sagen, Rolf, Kramer, Hilde
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Romaner
- Emne: Drømmer
- Omfang/format: 54 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 13-16, 9-11, 11-13
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 54