Sjøormen Selma
Omtale
Sjøormen Selma bur i Seljordsvatnet og må heile tida passe seg for farar som lurer. På land lever menneska som jaktar på sjøormen, og verst av alle er svensken Søder. Han har med seg ein heil ekspedisjon for å prøve å finne Selma. Ho gøymer seg i hola si godt hjelpt av alle dei som bur i vatnet, spesielt Bjarne Bever og stimen med aureyngel. Nokre av menneska på land forstår også at Selma er snill og ikkje vil gjere nokon vondt, og den vesle jenta og bestemor lagar demonstrasjonstog for at ho skal få vere i fred. Heldigvis går alt bra til slutt. Tema som liv og død, frykt og vennskap, vert berørt gjennom forteljinga. Boka inneheld songtekster med notar, og desse er viktige for historia. Ho gjev inntrykk av å vere eit slags musikkspel som er gjort om til bokform. Som bok manglar forteljinga litt når det gjeld framdrift og dramatikk, og det heile blir litt pratete og mykje om att det same. Den er illustrert med nokre fargesterke bilete, og teksten er sett med store, luftige typar. Skau,
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788279760061
- EAN: 82-7976-006-7
- Utgivelsesår: 2000
- Forlag: Skau forlag
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Tveit, Tore, Orre, Anne Karin
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Omfang/format: 56 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 3-6, 6-9
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 0