Ruinar på ryddige rekker
Omtale
- Kvar skal vi? Til byen Osnabrück. Og vi skal til mange tider, til fjerne og nyare fortider og vi skal til samtida, ofte samstundes. Osnabrück er byen til Ève, mor til forteljaren. Denne mora døydde i 2013, 103 år gamal, men her er ho like sprek og lett til beins som ho alltid har vore, det er ho som viser veg. «Medan vi går over plassen framfor Katedralen med stadig raskare steg, ser vi bilar som minnest at dei har vore hestar.» Dei levande minna er både knytte til familien og til det kollektive. I alle epokar er det forfølgjing og flukt, fengsel og tortur. Her er det heksejakt på 1500-talet, jødar som blir verande eller flyktar på 1930-talet og Ève som blir fenglsa i Algerie i 1962. Erfaringar, minne, levde liv. I denne teksten blir håp og opningar sett opp mot hat og øydelegging. Osnabrück er byen der freden i Westfahlen blei underskriven i 1648, ein fredsavtale som avslutta den gruvsame 30-årskrigen og gav håp for det moderne Europa. I same by blei synagoga fullstendig øydelagt Krystallnatta i november 1938. Byen har prøvd å reparere fortida si ved å sette opp eit minnesmerke over synagoga.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788256026722
- EAN: 978-82-560-2672-2
- Utgivelsesdato: 09.02.2023
- Utgivelsesår: 2023
- Forlag: Solum
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Cixous, Hélène, Kleppen, Grete
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Romaner
- Emne: Cixous, Éve, Tyskland, Osnabrück
- Sjanger: Biografiske fortellinger
- Omfang/format: 153 sider
- Målgruppe: Voksne
- Originaltittel: Ruines bien rangées
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 153