Romhunden Odin
Omtale
Bulldoggen Odin får sitt høgaste ønskje oppfylt når astronauten Lasse tek han med på reise i verdsrommet. Odin veit at han ikkje kan bli den første romhunden. Laika har vore der før han, men om ikkje han kan bli den første, kan han kan hende bli den andre. Før Odin og Lasse kan sendast ut i rommet må dei førebu seg. Odin tykkjer det er vanskeleg å følgje med i opplæringa, men kviknar til når han høyrer om andre dyr som har vore sendt ut i rommet før han. Sjølve romferda endar godt, og Odin er særleg nøgd når han høyrer at den nye samarbeidspartnaren hans er ei bulldoggtispe med namn Laika. Illustrasjonane er sprelske og humoristiske, men sjølve historia framstår som nokså ordinær og livlaus. Samlaget, 2001.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252158045
- Utgivelsesår: 2001
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Bildøen, Brit, Aalbu, Ragnar
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Bildebøker
- Emne: Romfart
- Omfang/format: 26 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 3-6, 6-9
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 0