På vegen står ei jente med kniv

I salg
ISBN/Varenr
9788252145793
Inngår i din bokpakke

Omtale

Kariane er ei lita jente på seks-sju år, som ikkje har andre å leike med ennklatretrea sine og lykketrollet i senga. Desse kan ho og snakke med, dessutan har ho kniv i beltet - det kjennest trygt og godt. Ein dag treffer ho ei anna jente som også har grøne augo og kniv. Da spørs det om Kariane torer å nærme seg, og ikkje berre sende tanken. Dette er ei stillferdig og var forteljing om det å vere redd, å forsvare seg, og om å våge å nærme seg andre menneske. Boka er lågmælt i tonen, og språket er knapt og poetisk. Handlinga foregår på fleire plan, og forfattaren røper ikkje for lesaren kvasom er verkelege hendingar og kva som berre er fantasi. Forma er krevjande for ein liten lesar, og historia treng ein formidlar. Den er illustrert med vare blyantteikningar som strekar under det kjenslevare og uttrykksfulle i teksten. ISBN 8252145795 Kariane er ei jente som har kniv i beltet. I senga hennar ligg eit lite troll som ho kan snakke med. Ho snakker med klatretrea sine òg. Dei er venene hennar, dei kan ho leike med. Menså ein dag kjem ei anna jente, ei som er verkeleg, levande. Den andre jenta har grøne auge, akkurat som Kari- ane. Torer ho å sjå inn i desse augene? Ei illustrert forteljing om det å vere redd, å forsvare seg, og om å våge å nærme seg andre menneske. Høver for barn mellom 5 og 8 år. Blyantteikningar av Anne Knutsdatter Wille. 60 s.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788252145793
  • EAN: 82-521-4579-5
  • Utgivelsesår: 1995
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Kaldhol, Marit, Wille, Anne Knutsdatter
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Omfang/format: 61 s.
  • Målgruppe: Barn/ungdom
  • Alder: 6-9, 9-11
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Ja
  • Sider: 61