Opptur Jotunheimen
Omtale
Bøkene i Opptur-serien tek deg med på flotte fotturar i fjellnorge. ”Opptur Jotunheimen” presenterer 125 turar i Jotunheimen, frå Vangsmjøse i sør og Sognefjellet i vest til Vågåvatnet i nord og Valdresflya i aust. Jotunheimen er det høgste og største samanhengande fjellområdet i Norge og byr på fantastiske naturrikdommar. Boka beskriv både populære tilrettelagte ruter og ruter i urørd natur. Fyldige turomtalar gir nybegynnarar og viderekomne oversikt og informasjon om turane, tilhøyrande attraksjonar og historier. Alle rutene er teikna inn på flyfoto. Boka er illustrert med fotografi i farger og finst i engelsk omsetjing.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788282400060
- EAN: 978-82-8240-006-0
- Utgivelsesdato: 30.11.2009
- Utgivelsesår: 2009
- Forlag: Selja forlag
- Innbinding: Heftet
- Serie: Opptur
- Språk: Nynorsk
- Personer: Loftesnes, Finn
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Fotturer, Reisehåndbøker, Jotunheimen
- Omfang/format: 304 s.
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 3
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 304