Om dagen kan ein flyge
Omtale
Mor og dotter bur saman i eit husvære i byen. Mora har kjærleikssorg og går i eigne tankar, og dottera kjenner seg aleine og lengtar etter mormor. Ho får lov å reise og besøkje henne og tek fly aleine. Ho blir varmt motteken på garden som mormor driv. Dei snakkar og ser i familiealbum, dei set opp gjerde og steller med den nyfødde kalven. Dei vitjar óg bestefar si grav. Akin Düzakin sine illustrasjonar er i kjent strek, lett stiliserte med eit delvis forenkla, og av og til naivistisk uttrykk. Dei underbyggjer stemningane i teksten. Mor og dotter er skildra med avstand, medan mormor og dotterdotter er skildra på ein slik måte at ein skjøner at dei står kvarandre nær. Teksten koplar einsemd og død på ein måte som gjer barnlege spørsmål om livet og døden djupe. Dette er ei god bok der tekst og illustrasjonar utfyller kvarandre. Samlaget, 2001.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252158083
- EAN: 82-521-5808-0
- Utgivelsesår: 2001
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Kleiva, Rønnaug, Düzakin, Akin
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Bildebøker
- Emne: Besteforeldre og barnebarn
- Omfang/format: 29 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 6-9, 9-11, 11-13
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 0