Okkupert kjærleik : roman
Omtale
15 år gamle Ida skal tilbringe sommaren i byen saman med broren, Thomas. Mellom Ida og Thomas har det alltid vore eit nært og fortruleg venskap, men no opplever Ida at broren er meir oppteken av sambuaren sin enn av henne. Ida får problem med å finne seg til rette. Ho lengtar tilbake til det som var, til somrane med bestefar og utviklar ei indre uro som veks når ho møter den to år eldre Linn og forelskar seg i henne. Men saman med Linn må Ida lære takle nye utfordringar. Ho utforskar kjærleiken og tilvære som husokkupant, og når sommaren - og kjærleiken - er over, har Ida vorte sterkare. Ho har vunne over angsten for det ukjende og erkjent at ingenting varer evig, som er eit tematisk viktig bodskap i boka. Det er Ida som fortel, og gjennom hennar røyst glir tankar, dialogar og ytre hendingar saman til ein meiningsfylt heilskap. Forfattaren har eit godt grep om forteljinga. Handlinga er konsentrert og reflektert. Språket er rytmisk og intenst og formidlar forteljinga på ein truverdig måte. Samlaget, 2000. 124 s. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252156218
- EAN: 82-521-5621-5
- Utgivelsesår: 2000
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Trohaug, Ragnfrid
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Romaner
- Omfang/format: 124 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 13-16
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 124