Norske malebøker : læremiddel, kunstformidling, tidtrøyte og lokkemiddel
Omtale
Pionerverket inneheld 150 illustrasjonar frå vel 100 år med norskproduserte malebøker for barn. Einar Økland har i 40 år samla og kartlagt fleire hundre malebok-titlar. Her gir han ei kronologisk og perspektivrik framstilling, med døme på dei utanlandske forløparane før vi frå 1890-talet fekk dei første norskproduserte produkta. Boka viser korleis store og mindre forlag nytta kjende og mindre kjende kunstnarar i produksjonen av ein boksjanger som ingen hittil har analysert og som berre sporadisk er registrert. Som bruksbøker er sjangren å rekne som sjølvdestruerande, men Økland har valt å vise både ubrukte forelegg og "brukte" sider. Boka dokumenterer og synleggjer eit allment kjent, men usynleggjort og underkjent kulturhistorisk fenomen.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252178777
- EAN: 978-82-521-7877-7
- Utgivelsesdato: 30.10.2012
- Utgivelsesår: 2012
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Økland, Einar
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Malebøker, illustrasjonskunst
- Omfang/format: 191 s.
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 191