Med Garborg til Jærs : før 1924
Omtale
Arne Garborg har meir enn noko anna enkeltmenneske vore med på å forma jærbuen sitt syn på seg sjølv. Han har presisert og styrkt den jærske identiteten, og hjelpt oss til å slå djupare røter i det heimlege. For dei mange som i vår tid har flytta til Jæren, kan diktinga hans tena som ein portal inn til sjølve hjarta av det jærske, slik at dei betre kan forstå og lettare kjenna seg heime i den landsdelen dei bur i. Og tilflyttarar frå mindre forblåsne og regntunge landsdelar vil finna ord for eigne sukk når dei hjå diktaren les: D'er haust. Det ruskar ute / med regn og kalde vind. Garborg har gjeve både jærlandskapet og jærvêret eit klårt og særprega litterært uttrykk, og det på eit så djupt plan at ein jærbu som i dag les Garborg, framleis kjenner seg att, både med hovudet og med hjarta, hundre år etter at diktaren døydde, og trass i alt som har endra seg.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788293913306
- EAN: 978-82-93913-30-6
- Utgivelsesdato: 06.02.2024
- Utgivelsesår: 2024
- Forlag: Jæren forlag
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Pollestad, Kjell Arild, Bygstad, Torgeir
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Jæren i litteraturen, litteraturhistorie, Garborg, Arne, Kulturhistorie
- Omfang/format: 148 sider
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 148