Kyrkjene i Selje : Selja - Selje - Leikanger - Ervik 996-2016
Omtale
Selje har ei lengre kyrkjehistorie enn dei fleste, og ei kyrkjehistorie av interesse langt utanfor lokalsamfunnet. På Selja kom den første norske helgenstaden i 996, knytt til Sankta Sunniva, det første bispesetet for Vestlandet i 1068 og det første klosteret kring år 1100.
I dag er det tre særmerkte kyrkjer i Selje kommune. Selje kyrkje, bygd 1866, ligg midt i eit postkortmotiv, innunder Stad. Kyrkja på Leikanger stod først på Bø og så i Selje, og har landets eldste preikestol. Og Ervik kyrkje, bygd 1970, med sin særmerkte løkkuppel, vitnar om dramatisk krigshistorie.
Denne boka fortel over tusen års kyrkjehistorie i heile Selje kommune- frå den første kyrkja på Selja i 996, til feiringa av 150-årsjubileet for kyrkjene i Selje og på Leikanger i 2016. Her er også mykje anna lesestoff - m.a. om Dragseidet og Dragseidspelet, om Ervikpreika, om Seljumannamessa og om dei store feiringane på Selja og Dragseidet i 1968, 1996 og 1997. Rikt illustrert med gamle og nye bilete.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788282401128
- Utgivelsesdato: 05.12.2016
- Utgivelsesår: 2016
- Forlag: Selja forlag
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Hoff, Anne Marta, Berstad, Dagfred, Hjelle, Sigbjørn, Vengen, Sigurd
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 288