Konkurranserestriksjonar i arbeids- og næringsforhold
Omtale
Etter ein introduksjon til emnet i del I går boka i del II grundig inn på konkurranse-, kunde- og rekrutteringsklausular i arbeidsforhold, bindingstid i arbeidsforhold og reglane om karantene for politikarar, embets- og tenestemenn. Del III drøftar konkurranserestriksjonar i næringsforhold. Sentrale tema er avtalelova § 38, konkurranserestriksjonar i selskaps- og agenturforhold, konfidensialitets- og teiepliktklausular samt næringsservituttar og liknande klausular. Del IV omhandlar konkurranseklausular i konkurranseretten relatert til føretakssamanslutningar, horisontale og vertikale avtaler. Del V gir eit oversyn over reglar om handheving av og sanksjonar mot brot på ulike konkurranseklausular. Dette omfattar mellom anna reglar om bevissikring og bevisføring, arbeidsrettslege sanksjonar, forbod og mellombels åtgjerd samt monetære sanksjonar som avtalt konvensjonalbot, erstatning og krav om frålegging av vinning.
]]>Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788205506381
- EAN: 978-82-05-50638-1
- Utgivelsesdato: 14.12.2020
- Utgivelsesår: 2020
- Forlag: Gyldendal
- Innbinding: Heftet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Lunde, Tore
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Konkurranserett, Norge, lov og rett
- Omfang/format: 331 sider
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 331