Kark : roman
Omtale
Eg ser denne smaken. Eg ser ei hand strekke seg mot raude bær. Det må vera mine eigne fingrar, for eg ser ikkje resten av kroppen, berre handa som grip raude bær og fører dei nærmare, mot munnen, og eg kjenner denne heite smaken mot tunga og innsida av kinna, kjenner munnen og hovudet svelle, og heile tida brenn det.Det er meg sjølv eg ser i dette synet, eg ser meg sjølv i eit anna liv. No veit eg ikkje kven eg er. For ei kort stund sia, da eg vakna, visste eg ikkje kven eg var. No hugsar eg.
Det er den unge munken, broder Aun av Cenannus som fortel. Året er 995 og Aun har fått i oppdrag å skrive ned historia om korleis Olav Tryggvason vinn over heidenskapen i Noreg, og gir landet den rette kongen og den rette trua. På reisa nordover frå Irland blir Aun ramma av feber. Heksekunstane til ei volve bergar munken ut av sjukdommen, men Aun blir fanga inn av ein anna feber; fascinasjonen for den heidenske avgudsdyrkinga og historia om den siste store heidningen, Håkon Ladejarl, og Tormod Kark, trælen som tok livet av herren sin.
Kark er ein roman om brytninga mellom gammal og ny tid, og etiske konfliktar i eit historisk stoff er formidla med aktualitet for vår eiga tid.
Betegnelse: Det er den unge munken, broder Aun av Ceannus som fortel. Året er 995 og Aun har fått i oppdrag å skrive ned historia om korleis Olav Tryggvason vinn over heidenskapen i Noreg, og gir landet den rette kongen og den rette trua. På reisa nordover frå Irland blir Aun ramma av feber. Heksekunstane til ei volve reddar munken ut av sjukdommen, men Aun blir fanga inn av ein annan feber; fascinasjonen for den heidenske avgudsdyrkinga og historia om den siste store heidningen, Håkon Ladejarl, og Tormod Kark, trælen som tok livet av herren sin. Dette er ein roman om brytninga mellom gammal og ny tid.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252156782
- EAN: 82-521-5678-9
- Utgivelsesår: 2000
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Lind, Idar
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Romaner
- Emne: Norge, Historie - 800-1050
- Sjanger: Historiske fortellinger
- Omfang/format: 227 s.
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 227