Intertekst essens : norsk vg3 studieforebuande : læreplan i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg og læreplan i norsk
Omtale
Intertekst essens vg3 er ein lettlesen versjon av Intertekst vg3, norsk for studieførebuande utdanningsprogram. Boka følgjer læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Ho eignar seg også for elevar som følgjer den ordinære læreplanen, men som har behov for ekstra støtte i norskfaget. Intertekst essens har same struktur som hovudboka, og bøkene kan dermed brukast samtidig i klasserommet. Fagstoffet er enkelt presentert, og sjangerkapitla gir trinn-for-trinn-hjelp til skrivinga. Både teori og tekstsamling har rikeleg med ordforklaringar. For elevar som følgjer ordinær læreplan, finst det tilleggsstoff på «Pluss»-sidene. Tekstsamlinga er tilpassa målgruppa, med eit utval av tekstane i Intertekst vg3. Boka har eigne nettressursar med mellom anna lese-, skrive- og munnlegverktøy, undervisningsopplegg og årsplanar. Intertekst essens vg3 er også tilgjengeleg som digital bok og som lydbok. Alle komponentane til Intertekst essens finst i både bokmåls- og nynorskversjonar.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788211036063
- EAN: 978-82-11-03606-3
- Utgivelsesdato: 05.10.2022
- Utgivelsesår: 2022
- Forlag: Forlaget Fag og Kultur
- Innbinding: Heftet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Kirkhorn, Marianne, Bastviken, Anja Østvik, Garthus, Karen Marie Kvåle, Ladsten, Ingelin, Nyhus, Jorunn Øveland, Schulze, Anne-Marie
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Form: Lærebøker
- Emne: Norsk språk, Nynorsk - Lærebøker - For fremmedspråklige
- Omfang/format: 432 sider
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 432