Intertekst essens : norsk vg1 studieførebuande : læreplan i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg og læreplan i norsk
Omtale
Intertekst essens Vg1 er ei heilt ny lærebok i norsk for elevar på studieførebuande utdanningsprogram. Boka følgjer læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Ho eignar seg også godt for elevar som følgjer den ordinære læreplanen, men som har behov for ekstra støtte i norskfaget. Intertekst essens byggjer på læreverket Intertekst. Intertekst har vore på marknaden sidan 2013 og kom i 2020 i ei ny utgåve som er i tråd med læreplanrevisjonen LK20. Bøkene har same struktur og kan derfor brukast av ulike elevar i same klasserom. I boka får elevane trinn-for-trinn-hjelp med alt frå skriftlege til munnlege problemstillingar. I tillegg blir dei kjende med litterære og språklege sider ved faget. Dei tverrfaglege emna er dekte godt, og kvart bind inneheld ei spennande tekstsamling med tekstar som er tilpassa til målgruppa. I nettressursen til boka finn elevane gode verktøy som dei kan bruke til å jobbe vidare med skriving, lesing og munnlege ferdigheiter. På lærarsida til nettressursen finn læraren undervisningsopplegg, årsplanar og anna som er knytt til boka. Intertekst essens Vg1 er også tilgjengeleg som digital bok og som lydbok.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788211035929
- EAN: 978-82-11-03592-9
- Utgivelsesdato: 17.08.2020
- Utgivelsesår: 2020
- Forlag: Forlaget Fag og Kultur
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Kirkhorn, Marianne, Eriksen, Harald, Garthus, Karen Marie Kvåle, Schulze, Anne-Marie
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Form: Lærebøker
- Emne: Norsk språk, Nynorsk - Lærebøker - For fremmedspråklige
- Omfang/format: 345 sider
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 0
- Illustrert: Ja
- Sider: 345