Ikkje ver redd sånne som meg
Omtale
Sumaya Jirde Ali har markert seg som ei av dei fremste, fleirkulturelle unge stemmene i den offentlege debatten dei seinaste åra. I 2017 gav ho ut diktsamlinga «Kvinner som hater menn». Med utspring i samtalar mellom Jirde Ali og Suha Alhajeed, som kom til Noreg som syrisk flyktning, kjem no «Ikkje ver redd for sånne som meg». Her tematiserer Jirde Ali utanforskap, framandfrykt og å stadig vekk måtte svare for si eiga menneskelegdom, kvifor ein vel å bera hijab, og korleis det kjennast å stadig bli bede om å ta avstand frå terroråtak. Samstundes får me òg høyre Jirde Alis strategiar for å makte å stå i storma, utan å miste motet. Boka er ein del av serien Norsk røyndom. Omtalen er utarbeidd av BS.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252196849
- EAN: 978-82-521-9684-9
- Utgivelsesdato: 04.06.2018
- Utgivelsesår: 2018
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Heftet
- Serie: Norsk røyndom
- Språk: Nynorsk
- Personer: Ali, Sumaya Jirde
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Muslimske jenter, Norge, Ali, Sumaya Jirde
- Sjanger: Essay, Personlige beretninger
- Omfang/format: 91 s.
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 91