Hareides fall : trettiseks dagar som endra norsk politikk
Omtale
Hausten 2018 kjempa KrF-leiar Knut Arild Hareide sitt livs kamp. Han satsa alt på å vinne partiet i eit historisk skjebneval. Ja eller nei til regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. Det enda med at han tapte, og KrF gjekk i regjering med Framstegspartiet. Emil André Erstad var Hareides næraste medarbeidar i denne tida. I boka fortel han ope og brutalt ærleg om kva som skjedde bak kulissane, om striden mellom Hareide og nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad og om kva vurderingar Hareide og hans næraste gjorde undervegs. Kva får ein populær politikar til å sette posisjonen og karrieren sin på spel, slik Hareide gjorde? Dette er ei forteljing frå innsida av maktas korridorar, ei forteljing om å stå for det ein trur på. Omtalen er utarbeidd av BS.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788234002090
- EAN: 978-82-340-0209-0
- Utgivelsesdato: 25.10.2019
- Utgivelsesår: 2019
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Erstad, Emil André
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Politikk, 2010-2019, Norge, historie, Kristelig folkeparti, Hareide, Knut Arild
- Sjanger: Personlige beretninger
- Omfang/format: 189 sider
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 189