For Norge, kjempers fødeland : 12 portrett frå dansketida
Omtale
Øystein Rian portretterer her tolv sentrale og til dels myteomspunne personar frå dansketida, frå reformasjonen i 1536 og fram til 1814. Desse tolv personane opplevde alle spenninga mellom det norske og det danske. Anten som representantar for ein norsk elite som vart trengt til sides, som framstormande patriotar, eller som embetsmenn som fekk oppleve den norske motstanden på kroppen. Blant dei portretterte er Olav Engelbrektsson, Absalon Pedersson, Anna Pedersdotter, Peder Claussøn Riis og Agder-miljøet, Peter Wessel Tordenskiold, Kristian Lofthus, Hans Nielsen Hauge og Petter Dass. Forfattaren har lagt stor vekt på å vise korleis personane var prega av dei miljøa og den kulturen dei levde i - dei sosiale nettverka, familierelasjonane, tilhøvet mellom kvinner og menn, vennskap, konfliktar og maktkampar.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252166910
- EAN: 978-82-52-16691-0
- Utgivelsesår: 2007
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Rian, Øystein
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Norge, Historie - 1536-1814 - Biografi
- Omfang/format: 333 s.
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 333