Flugepapir
Omtale
Biletbok. I klassen skal alle fortelje om kosedyr og levande kjæledyr, og Bente fortel om den tamme fluga si, Marte. Den kan gjere kunstar, som å gå på veggene og i taket. Bente vil lage flugefest på rommet sitt, og hentar passande mat og inviterer inn fleire fluger på kalas. Men det går ikkje heilt som venta... Boka er nominert til årets Bragepris. Helga Gunerius Eriksen debuterte i 1986 med biletboka "På stripejakt", og har sidan det skrive 17 bøker. Mange hugser kanskje særskilt ungdomsboka "Donna Q" frå 1995. Gry Moursund er blant Noregs mest kjende barnebokillustratørar, og har tidligare vunne Nynorsk barnelitteraturpris for ?Arkimedes og rulletrappa", vore nominert til Brageprisen og vunne Kulturdepartementets bildebokpremie for "Arkimedes og brødskiva" og Kritikerprisen for "Tre høns på plenen og fire egg".
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252161847
- EAN: 82-521-6184-7
- Utgivelsesår: 2003
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Eriksen, Helga Gunerius, Moursund, Gry
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Bildebøker
- Omfang/format: 32 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 6-9
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 2
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 0