Fallrettar og ekspropriasjonserstatning
Omtale
Samstundes har det skjedd ei utvikling i jordskifterettane: Bruksordningar vert vedtekne for å samla fallrettar, for slik å leggja til rette for kraftutbygging. Som i tradisjonelle ekspropriasjonssaker finn det i desse sakene stad eit eigedomsinngrep. Broch Hauge drøftar kva verknader dette bør få for kompensasjonsspørsmålet. Forfattaren tek føre seg både ny og gamal jordskiftelov.
Idealnormanalyse blir brukt som metode for å vurdera og samanlikna dei to regelsetta. Forfattaren freistar å seia noko om korleis erstatningsnivået som blir handheva etter dei ulike regelsetta, reflekterer både samfunnsøkonomiske omsyn og visse rettferdsomsyn. Til slutt i boka tek forfattaren opp spørsmålet om erstatningsnivået for fallrettar og tilhøvet til Grunnlova § 105 og EMK TP 1-1.
Ph.d. Katrine Broch Hauge er førsteamanuensis ved Institutt for landskapsplanlegging, Seksjon for eigedom og juss, på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Her underviser ho mellom anna i faga ekspropriasjonsrett og jordskifte. Fallrettar og ekspropriasjonserstatning vart skriven då Broch Hauge var stipendiat ved Institutt for privatrett, Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho er framleis knytt til Forskargruppa i naturressursrett ved Det juridiske fakultetet.]]>

Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788215025810
- EAN: 978-82-15-02581-0
- Utgivelsesdato: 19.05.2016
- Utgivelsesår: 2016
- Forlag: Universitetsforlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Hauge, Katrine Broch
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Norge, lov og rett, Fallrettigheter, Erstatning
- Omfang/format: 464 s.
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 464