Donna Q
Omtale
Tenåringsjenta Frida skriv dagbok. Det er hennar nyttårsforsett. Kvar dag i januar skriv ho, og startar alltid med eit litterært sitat. Frida er venninne med ei ho kallar Donna Q. Som Don Quijote har Donna mange "vindmøller" å slåst mot. Donnas vanskar møtte lesaren i "Stjerna over Bergen" frå 1992. I denne boka er hennar skjebne og i fokus iblant og ho vert kjærast med Fridas bror Fred, likevel er det Frida dagbokskrivar det handlar mest om. Frida har lita røynsle med gutar som kjærastar, heilt til ho møter Jim, ein svart amerikansk utvekslingsstudent. Han er særs god i basketball, det er også Frida sin idrett. Jim blir Frida sin kjærast, og dagboksblada hennar syner ein aktiv og spanande start på eit nytt år. Dette er ei bok skriven i eit lett språk. Handlinga kan iblant bli noko langdryg, som dagbokforteljing er ho heilt på det jamne. Trådane til boka "Stjerna over Bergen" vert noko lause. For å få betre samanheng i handlinga kan det vere ein fordel å ha lese den første boka. ISBN 8252146244 Ungdomsbok. Donna Q ser på Frida som håplaus, og Frida ser på Donna Q som idiot - det er derfor dei er så gode vener, trur Frida. Donna Q og Frida har kvar si "funksjonshemming" i forhold til gutar, som Frida kallar det i dagboka si. Frida er altfor god i matamatikk, og Donna Q er så hissig og frekk at ho skremmer både lærarar og gutar. Likevel et det gutar nok i denneboka, og ikkje alle let seg skremme så lett...
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252146240
- EAN: 82-521-4624-4
- Utgivelsesår: 1995
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Eriksen, Helga Gunerius
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Romaner
- Omfang/format: 131 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 13-16
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 131