Den store Gatsby

Kulturfond
Den store Gatsby
Den store Gatsby
I salg
ISBN/Varenr
9788279593768
Inngår i din bokpakke

Omtale

Den store Gatsby tek oss med inn i ei verd av overflod, draumar og djup lengsel. Forteljaren Nick Carraway flyttar til Long Island utanfor New York og blir dratt inn i eit liv fylt av glitter og glamour. Der møter han Jay Gatsby, ein mystisk og ufatteleg rik mann som held storslagne festar i sitt imponerande herskapshus. Men bak fasaden av luksus og lys, skjuler Gatsby lengta etter Daisy, kjærleiken frå ungdommen, som no er gift med den arrogante og grove Tom Buchanan. Gjennom Gatsbys lidenskap ser vi korleis den amerikanske draumen kan bli eit mareritt, korleis menneske kan bli slukt av grådigskap og øydelagt av si eiga uro. Den store Gatsby er ei forteljing om knuste draumar, uoppnåeleg kjærleik, og dei mørke avgrunnane som ligg bak eit tilsynelatande perfekt liv. Då romanen kom ut i 1925, vart han ein fiasko for suksessforfattaren Fitzgerald. Verken lesarar eller kritikarar sette romanen særleg høgt den gongen. Først etter at ein frivillig organisasjon delte ut gratis eksemplar av boka til soldatar under den andre verdskrigen, vaks romanen til å bli den klassikaren han er i dag, med tallause adaptasjonar, dramatiseringar og filmatiseringar. Hundre år etter utgjevinga, blir Den store Gatsby sett på som eit av dei viktigaste verka i den moderne verdslitteraturen. Han har forma biletet vårt av 1920-åra, eller det Fitzgerald sjølv kalla «jazzalderen» – ei tid fylt av fest, musikk og framtidsoptimisme, men òg depresjon, einsemd og framandgjering.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788279593768
  • EAN: 978-82-7959-376-8
  • Utgivelsesdato: 31.10.2024
  • Utgivelsesår: 2024
  • Forlag: Skald
  • Innbinding: Innbundet
  • Serie: Skalds klassikarar
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Fitzgerald, F. Scott, Smith, Nils Henrik
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Målgruppe: Voksne
  • Originaltittel: The great Gatsby
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 0
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 212