Den fyrste sommaren
Omtale
Denne boka handlar om venskap, forelsking og det å kunne sjå "ting" andre ikkje ser. Hovudpersonen Kjell går i åttande klasse då han oppdagar at han er synsk. Handlinga går føre seg denne fyrste sommaren. Dette kjem som eit sjokk på Kjell, og han veit ikkje heilt korleis han skal takle dette merkelege som skjer med han. Person- og miljøskildringane verkar ikkje tidstypiske og gir inntrykk av at handlinga er lagt attende i tid. Temaet erinteressant, men handlinga blir til tider noko stilleståande og utan framdrift. Episodane kor Kjell ser "ting" verkar konstruert og glir ikkje heilt inn som ein del av resten av historia. Språkleg er det nokre vanskelege ord det nok ikkje er gitt alle å forstå. ISBN 8252146171 Det er den sommaren da Kjell oppdagar at han er synsk. Vi tek del i opp- levingane hans, dei tankane han har om sin eigen situasjon, og korleis han lærer seg å leve med den spesielle evna han har. Samstundes er det også einsommar på overgangen mellom barn og vaksen, der Kjell mellom mangt anna opplever si første forelsking. 107 s.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252146172
- EAN: 82-521-4617-1
- Utgivelsesår: 1995
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Løk, Øystein
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Romaner
- Omfang/format: 107 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 13-16
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 107