Dansen med orda : songar
Omtale
Fløgstads songtekstar samla for fyrste gong «Songdiktinga har følgt meg gjennom heile forfattarskapen. Alt i debutboka står det metriske og songbare vers, som også har blitt tonesette. Frå og med Dalen Portland (1977) dukkar songar av ulikt slag opp i prosateksten. Sett i samanheng går det godt an å seia at heile forfattarskapen min har tre bein å stå på. Det er fortellande prosa, utgitt som romanar, det er essay, og songdikting. Gjennom samarbeid med musikarar og komponistar har det tredje beinet i denne tripoden blitt stadig stødigare», skriv Kjartan Fløgstad i forordet til boka. Dansen med orda samlar songlyrikken til Fløgstad, med korte introduksjonar av forfattaren sjølv. Mykje er henta frå romanar og prosautgjevingar, mens anna er skrive på oppdrag og framført med nokre av landets fremste musikarar. Noko er enno ikkje tonesett - og andre songar er så nye at dei ventar på å bli framførte. Boka er utforma i eit hendig format. Ho får plass i ei jakkelomme og kan såleis bli ein følgjesven til bryllaup og gravferd - og alle store og små hendingar som fell mellom dei to.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788205602007
- EAN: 978-82-05-60200-7
- Utgivelsesdato: 30.05.2024
- Utgivelsesår: 2024
- Forlag: Gyldendal
- Innbinding: Heftet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Fløgstad, Kjartan
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Dikt
- Omfang/format: 227 sider
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 0
- Utgave: 1
- Illustrert: Nei
- Sider: 227