Alle i Alta kan : alfabetdikt
Omtale
ABC-bøker flest inneheld eitt oppslag for kvar bokstav, med ein tekst og ei teikning som tematiserer lyden for teiknet. Tekstane heng sjeldan saman tematisk. Slik er det også i denne boka, men tekstane har ei gjennomført leikande, humoristisk og barnleg stemning over seg, og er ofte både oppfinnsame og originale. Motiva er slik at norske barn kan kjenne seg att i dei, og dei er prega av situasjonskomikk og nonsens. Her finn ein nintendo og rockemusikk i lag med alltid abc-aktuelle jungeldyr og episodar frå skulekvardagen. Illustrasjonane er særmerkte og prega av brei penselføring og klåre fargar, og ofte bidreg dei med morosame kommentarar til teksten og inneheld element som inviterer til samtale og undring. Eit konsekvent sentralperspektiv spelar saman med detaljar i bakgrunnen på ein måte som kan minne om utbretting av perspektivet og gir ein todimensjonal effekt. Bokmål. Samlaget, 2000.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252155419
- Utgivelsesår: 2000
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Serie: Skolestarttrilogien
- Nummer i serien: 1
- Språk: Bokmål
- Personer: Jensen, Eva, Belsvik, Inger Lise
- Litteraturtype: Skjønnlitteratur
- Form: Bildebøker, Dikt
- Emne: Alfabet
- Omfang/format: 56 s.
- Målgruppe: Barn/ungdom
- Alder: 3-6, 6-9, 9-11
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 0