Gull, gråstein og gruma : eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid (3) : Ei velsigning for landet?
Omtale
Bokserien "Gull, gråstein og grums" kjem her med tredje bind. Første bindet tok for seg dei fem mest omstridde gruvene, og andre bindet såg meir generelt på driftsmetodar, lovverk, forvaltning og aktørar. Her ser vi på eit breitt utval av gruver i norsk historie, og ser at gruvedrifta har vore omstridd frå bøndene i Seljord jaga tyske gruvearbeidarar på 1500-talet og folket i Ballangen ifølgje segna slo i hel den onde gruveeigaren Bal.
I vår tid er det ikkje bare dei planlagte gruvene ved Repparfjorden og Førdefjorden som det er strid om. Det gjeld ei rekke gruveplanar, bl.a. fosfatgruve i Vestfold, ny titangruve i Rogaland, kvartsgruve på Saltfjellet og utviding av kvartsittgruve i Tana. Boka forsøker gjennom eksempel frå heile landet å bidra til svar på desse spørsmåla: Har det vore vanlig at gruver har blitt ført tilbake til naturen etter nedlegging, eller er det vanlige at skrot og forureining blir verande I hundrevis av år? - Har dei fleste som har investert i gruvedrift tent gode pengar på det, eller har konkurs og ruin vore vel så vanlig? Har gruvedrift gitt varig rikdom til lokalsamfunna eller har det vel så ofte endt med fråflytta spøkelsesbyar?
Kva har vore drivkrafta bak gruveetableringane - vanlige folk sine behov for metall og mineral eller opprustning og krig? Blir miljøskadene ved gruvedrift etter kvart mindre eller større? Med bakgrunn i det som kjem fram her og i tidligare bind om miljøskadene ved gruvedrift, spør vi til slutt kva som må til for å få ei mindre miljøskadelig drift, og avsluttar med forsøk på å skissere ein alternativ mineralpolitikk til dagens mineralstrategi.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788232900756
- EAN: 978-82-329-0075-6
- Utgivelsesdato: 07.08.2017
- Utgivelsesår: 2017
- Forlag: Davvi Girji
- Innbinding: Heftet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Lund, Svein
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Mineralutvinning, Norge, næringsliv
- Omfang/format: 247 s.
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 247