Jakob Sande : liv, dikting
Omtale
Det er 100 år sidan den vare lyrikaren, den folkekjære visediktaren og den ramsalte spottaren Jakob Sande blei født. No kjem den første biografien om han. Sande debuterte 23 år gamal i 1929, same året som Halldis Moren, som han var svært forelska i. Mytane og anekdotane om den kvinnekjære og festglade diktaren er både fargerike og sjølvmotseiande. Sunnfjordingen Sande var klokkarson, "nynorskens Alf Prøysen", barsk humorist, folkelivsskildrar, barokk visediktar, lektoren som drog til sjøs, livsglad sjømann, samfunnskritisk novelleforfattar og ektemannen som svikta kona og si einaste dotter. Frå debuten og gjennom heile etterkrigstida var Jakob Sande ein av landets mest populære diktarar. Biografien er utstyrt med fotografiar som ikkje tidlegare har vore publiserte.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788252164978
- EAN: 82-521-6497-8
- Utgivelsesår: 2006
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Innbinding: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Eide, Ove
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Emne: Sande, Jakob
- Omfang/format: 479 s.
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 479