Holvikejekta : sjøens stavkyrkje

Utsolgt
Utsolgt
ISBN/Varenr
9788282401166
Inngår i din bokpakke

Omtale

Holvikejekta, bygt på Sandane i 1881, er eit av dei viktigaste maritime kulturminna i Noreg. Ho er den einaste store, opne, klinkebygde jekta som er bevart, og kan føre tradisjonane sine tilbake til mellomalderen. Ei «sjøens stavkyrkje» har ho vorte kalla, og fagfolk har rangert ho på linje med vikingskipa som sentralt norsk kulturminne. I boka blir det fortalt om særtrekk ved og bygging av jekta, om båtbyggjartradisjonar i Gloppen, om byferder og opplevingar langs leia til Bergen, der hundrevis av jekter kunne vere samla på Vågen på ein gong. Du kan lese om jekter i Nordfjord, om tru og overtru knytte til jektfarten og om den store høgtida det var når jekta kom heim med varer frå Bergen. Holvikejekta vart sett på land i 1906 og vart den første gjenstanden i Nordfjord Folkemuseum sine samlingar. Ho står framleis i den opphavelege jektevaulen ikkje langt frå Sandane sentrum. HOLVIKEJEKTA - SJØENS STAVKYRKJE er rikt illustrert med teikningar, gamle og nye fotografi.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788282401166
  • EAN: 978-82-8240-116-6
  • Utgivelsesdato: 14.06.2017
  • Utgivelsesår: 2017
  • Forlag: Selja forlag
  • Innbinding: Heftet
  • Serie: Selja reise & kultur
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Eide, Ove
  • Litteraturtype: Faglitteratur
  • Emne: Holvikejekta, Gloppen, Kulturhistorie
  • Omfang/format: 48 s.
  • Målgruppe: Voksne
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Ja
  • Sider: 48